Avlyst Førjulstur til Demmevass ( AVLYST)

Fellestur

Fra dato
5. desember kl. 07:45
Til dato
6. desember
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Skitur, Helgetur, Arrangement, Fjellsport
Arrangører
DNT fjellsport Bergen, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Skarvheimen (se kart)
Turkode
847
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

Vi tar med oss litt forsmak på julematen og legg turen rundt eller over Hardangerjøkulen til Demmevasshytta. 

Vi følgjer DNT sin smittevernsinstruks for aktivitet, les meir her og under generelle vilkår. 

Turskildring: Dette er den klassiske førjulsturen til DNT fjellsport Bergen. Turen går frå Finse til Demmevasshytta og tilbake att. Veret avgjer om vi går over eller rundt Hardangerjøkulen, kanskje går me ein veg bort og den andre tilbake. Uansett er dette ein lang og flott skitur i barskt desemberhøgfjell. Skituren tek frå 4 til 8 timar kvar veg, avhengig av ver og føre. Demmevass ligg tett på og med fantastisk utsikt over det største brefallet frå Jøkulen, Rembedalskåka. Det er ei ubetjent hytte med ca 20 sengeplassar. Vel framme finn vi fram godsakene frå sekken og lagar til verdas beste julebord (julematen smakar aldri betre enn etter ein lang skitur!)

Gradering: Fysisk vanskelighet: Lørdag 15km 500hm, søndag 16km 650hm hvis været tillater retur over jøkulen. 4-8 timer per dag. Teknisk vanskelighet: nivå 3

Oppmøtestad: Togstasjonen i Bergen kl 07.15

Reise: Tog t/r Bergen-Finse. Deltakarane kjøper sjølve billett på førehand.

Tog frå Bergen laurdag 05. Desember kl 07.27 med ankomst Finse kl 10.16, retur frå finse sundag 06 Desember kl 16.20 med ankomst Bergen kl 19.17

Vilkår: Sjå generelle vilkår. Prisen inkluderer turleiing og overnatting på Demmevasshytta. Deltakarane betaler reiseutgifter og mat sjølve.

Mat: Kvar deltakar tek med pinnekjøtt (ferdig kokt!!!) poteter (små til mellomstore) og kålrabi (ferdig kutta i små bitar!!) nok til seg sjølv. (Dette vert putta i fellesgryter ved tillaging.)  Kvar deltakar tek også med seg mat til lunsj laurdag og frokost og lunsj sundag, det er ingen mat på hytta.

NB: For nokre år sidan var det ein deltakar som drista seg til å ta med Fjordland pinnekjøtt. Dette er sjølvsagt heilt uakseptabelt og vil automatisk føre til oppvaskteneste;-) 

Utstyr: Sjå Turlaget si utstyrsliste for vinterfjellet . Husk spesielt fjellski med stålkantar (ikkje langrennski eller toppturski!) spade, skibriller og hodelykt. 

Kart: Turkart Finse ev Norgesserien (M711) Hardangerjøkulen og Myrdal

Kartet og annet turutstyr kan kjøpes i tursenteret i Marken. Rabattert pris for medlem.

Alle påmeldte vil bli kontakta av turleder i god tid før turen.

Spørsmål? Ta kontakt med administrasjonen ved spørsmål om påmelding på epost bht@dnt.no eller tlf. 55 33 58 10

Medlemskap i DNT
På denne turen er det tillegg i prisen for dei som ikkje er medlem. Vi oppfordrar likevel alle til å melde seg inn og støtte arbeidet vårt med å få fleire ut på tur. Bli medlem i DNT!

Førjulstur til Demmevass ( AVLYST)

Vi tar med oss litt forsmak på julematen og legg turen rundt eller over Hardangerjøkulen til Demmevasshytta.  Vi følgjer DNT sin smittevernsinstruks for aktivitet, les meir her og under generelle vilkår.  Turskildring: ...

Kontaktinformasjon:

  • DNT fjellsport Bergen
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turledere:

  • Petter Erling Bjørstad
  • Stig Anton Hordvik