2000-meterstoppsamling ved Leirvassbu

Fellestur

Fra dato
19. august kl. 08:00
Til dato
21. august kl. 22:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, 2000meterstopper, Leirvassbu, Topptur., Jotunheimen
Arrangør
DNT fjellsport Bergen
Turkode
834

Denne helga reiser me til Leirvassbu midt i hjarta av Jotunheimen, og omgir oss med flotte tindar på alle kantar som er prima utgangspunkt for toppturar. Her satsar me på å samle med oss fleire flotte 2000-meters toppar i løpet av helga. Me setter opp tur med turleiarar kvar dag, og planlegger gjerne turen saman som gruppe.

Gradering:

Fysisk vanskelighet: minst 1000 høgdemeter, opp mot 25 km per dag, 7-8 timar per dag
Teknisk vanskelighet: 3, kanskje 4

Les mer om vår fjellsportgradering

Krav til deltakere:  Turane krever ikkje taubruk eller klatreferdigheter, men du bør vere fjellvant, i god fysisk form og komfortabel med klyving i utsatte og luftige parti. Me går i hovedsak utenfor merka sti; det vil vere steinur og kan vere parti med laus stein. 

Turbeskrivelse

Me samkøyrer frå Bergen fredag morgon i tidlig nok til å rekke ein ettermiddagstur når me kjem fram, f.eks. opp på velkjende Kyrkja, 2032 moh. Dette er ein grei tur for dei fleste, men kan oppfattast som bratt og luftig. Ca 630 høgdemeter som me reknar ca 4-5 timar på. Laurdag og sundag bestemmer me tur utfrå vær, føre og form/erfaring i gruppa, og aktuelle toppar kan vere Visbretind (2234 moh)/Langvasshøe (2030 moh), Stetinden (2020 moh), Høgvagltindane, Tverrbottindane, mfl. 

Fjellsportere som ynskjer å arrangere eigen tur er også velkomne til å bli med. Tur på eigen hand er naturlig nok på eige ansvar.

Oppmøtested: Samkjøring i privatbilar fredag 19.08, oppmøte ADO kl 8. Ankomst ca kl 14 på Leirvassbu. Vær kledt for dagstur, og ha med dagstursekk og litt niste til ettermiddagstur samme dag.

Mat: 3-retters middag, frokost og niste med fylling av termos er inkludert. Ta med niste til ettermiddagstur på fredag og eventuelt tursnacks til alle dagar.

Overnatting: Overnatting på rimeligste 4-sengsrom (felles vask/dusj/wc på gangen). Ta med lakenpose/putevar og håndkle. (kan eventuelt leigast på Leirvassbu (Sengetøy kr 105,- pr sett og Håndklær kr 35,- pr sett.), men det er IKKJE inkludert i prisen)

Hjemreise: seneste tilbake i Bergen til 22

UtstyrSe utstyrsliste sommer. Ta også med klatrehjelm for sikkerheits skuld (gi beskjed hvis du har behov for å låne dette)

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpes i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. 

Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Vi følger gjeldende smittevernråd fastsatt av myndighetene. Les mer her: Aktiviteter covid-19 — Den Norske Turistforening (dnt.no)

Pris inkluderer: Turleiing, overnatting 2 netter på Leirvassbu med heilpensjon (3-retters middag, frokost og niste med fylling av termos)

Transport er ikkje inkludert, og alle gjør opp innad per bil. Anbefalt 1,- per km per deltaker til sjåfør + deling av bompengar/parkering mm.

Spørsmål? Ta kontakt med bht@dnt.no eller på tlf. 55 33 58 10.

Kontaktinformasjon:

  • DNT fjellsport Bergen
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turledere:

  • Knut Inge Engelbreth
  • Ragnhild Haugse