Seniortur - Steinparken og Skåladalen

Fellestur

Dato
18. mai kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna, Sunnhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!


Parkering: Truleg enklast på baroniet sin P-plass. (NB: Ingen parkering ved brannstasjonen.)

Frammøte i Steinparken kl. 10.00 der vi får sjå det flotte aktivitetsbygget, Dinosaurhuset, og Øystein Skaala viser oss rundt og fortel om parken.....

Frå Steinparken går vi opp til Kalvatre og vidare langs røyrgata som fører vatn til Skålaverket kraftverk.

Før inntaksdammen tek vi ein kort sti opp til skogsvegen som går mot Åsvoll, og denne føl vi vidare innover Skåladalen til Ludnabekk der vi tek ein matpause.

Etterpå kryssar vi Melselva på brua «Dinglo» og føl sti opp til skogsvegen som går til Myrdal. Der svingar vi til høgre og går nedover til Kletta. Der tek vi stien ned til inntaksdammen og tilbake til Steinparken.

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Påmelding:    Via den raude knappen til høgre på denne sida
  • Frammøte:    Steinparken i Rosendal kl. 10:00 
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Solveig Sandvik og Helga Fossheim
  • Vandringa:
    • Distanse t/r: 9 km
    • Høgdeskilnad: 320 meter
    • Tidsbruk: 3 timar + pausar.

 

Seniortur - Steinparken og Skåladalen

Parkering: Truleg enklast på baroniet sin P-plass. (NB: Ingen parkering ved brannstasjonen.) Frammøte i Steinparken kl. 10.00 der vi får sjå det flotte aktivitetsbygget, Dinosaurhuset, og Øystein Skaala viser oss rundt og fortel om parken..... ...

Kontaktinformasjon:

  • Solveig Sandvik
  • Tlf. 416 91 324

Turledere:

  • Solveig Sandvik
  • Helga Fossheim