Monsterbesøk – utandørs figurteater med Adele Duus på Byngja

Dette arrangementet er over!

Nordhordaland Turlag i samband med Strilabiblioteket, Bibliotekutvikling og Folkeakademiet i Sogn og Fjordane og Hordaland inviterer til Monsterbesøk – eit utandørs figurteater med Adele Duus:

Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko moro å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre?

I denne vesle figurteaterframsyninga om kor vanskeleg det er å vere tre, møter dykk Lys levende Adele i alle rollane.

Den varar i om lag 30 minutt, og passar for heile familien, frå 3 år og oppover.

Monsterbesøk byggjer på den nynorske biletboka med same namn av Áslaug Jónsdóttir, Rakel Helmsdal og Kalle Güettler, omsett av Tove Bakke. Denne boka er den femte i den populære serien som forfattartrioen frå Island står bak. Dagsturhyttene med turbiblioteka, er ein ideell formidlingsarena. Ved dette høvet er det dagsturhytta Sjøbua på Byngja som blir scena for framsyninga. 

Vi går saman frå parkeringa til Dagsturhytta kl 12. Framsyninga startar ved Dagsturhytta. Sjølve turen er i underkant av 1 km. Mesteparten av vegen er grusa og dermed lettgått. Dei siste ca 200 meter til hytta er på sti (dvs ikkje tilrettelagt for vogn). 

Alt skjer utandørs, så kle deg og dine etter vêret!   

Parkering og oppmøtestad: Ta av frå FV5484 kring 8,5 kilometer nord for Manger eller 1 kilometer sør for Bøvågen og følg skilting mot Byngja. Parker på parkeringsplassen for friluftsområdet, her vil de møte turleiarane.

Deltaking er gratis, men du må melde deg på for å vere med. Det gjer du ved å trykke på den raude knappen til høgre og fullføre registreringa der.

Om smittevern: For å kunne gjennomføre arrangementet er vi avhengige av at publikum overheld gjeldande smittevernstiltak. Personar frå same husstand går samla. Vaksne er ansvarlege for å halde sine barn på minst 1 meter avstand frå andre. Er nokon i husstanden sjuk, eller føler du deg dårleg, er det viktig at du ikkje møter opp. DNT smittevernsinstruks for aktivitet finn du her. Les og generelle vilkår for deltakelse på BHT sine aktiviteter. Våre frivillige turledere er alle kursa i DNT sine retningslinjer for smittevern. Velkommen!

Monsterbesøk – utandørs figurteater med Adele Duus på Byngja

Nordhordaland Turlag i samband med Strilabiblioteket, Bibliotekutvikling og Folkeakademiet i Sogn og Fjordane og Hordaland inviterer til Monsterbesøk – eit utandørs figurteater med Adele Duus: Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt ...

Kontaktinformasjon:

  • Torunn Haugsvær
  • Tlf. 97064368