Ski og tog på Vatnahalsen

Fellestur

Fra dato
17. februar 2017 kl. 15:40
Til dato
19. februar 2017 kl. 23:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Skitur, Fottur, Sommer, Fjell, Topptur, Barn, Tur, Sted, Område, Jotunheimen, Landskap, Aktivitet, Vær, Menneske, Topp, Årstid, Tinder, Innsjø, Finvær, Vestlandet
Arrangører
DNT fjellsport Bergen, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Skarvheimen (se kart)
Turkode
805
Dette arrangementet er over!

Visste du at Vatnahalsen høgfjellshotell i si tid blei omtala som "Nordens St. Moritz"? Eller at det gamle hotellet i dragestil brann ned til grunnen etter ein fuktig tysk fest i juni 1940? Hotellet har historie heilt tilbake til 1896 og har til tider vore ein særs populær vinterdestinasjon for velståande bergensarar. Etter nokre år i bakevja, har hotellet dei siste par åra verkeleg hamna på framsidene som vinterdestinasjon.

Grunnen er soleklar: Hotellet har fantastiske høve for toppturar rett frå døra og ei unik plassering på Flåmsbana, som gjer at ein på gode dagar kan nytte toget som "skiheis". DNT fjellsport Bergen hiv seg på bølgja og set opp toppturhelg på Vatnahalsen. Her får me servert mat og kan fråtsa i historie på kveldstid. Nemnte vi at skiutleiga på hotellet har stått mest urørt sidan sekstitalet?

Oppmøtestad: Bergen Jernbanestasjon

Oppmøtetid: Fredag 17. februar klokka 15:40. Togavgang 15:59. Togbytte på Myrdal 18:05.

Hugs å kjøpe billett heilt til Vatnahalsen på førehand!

Fredag: Vi innlosjerer vi oss på Vatnahalsen og blir servert middag klokka 19:00. Kvelden går med til ferdaråd og turplanlegging for laurdag

Laurdag: Dagstur i området. Kanskje til Tarven og ned i Flåmsdalen. Alternativt finn vi turmål andre stader i området, avhengig av ver og føre.

Sundag: Ny dagstur i området. Vi finn turmål i området, avhengig av ver og føre.

Heimreise: Tog frå Myrdal 16:50, 17:17 eller 20:26. Vi koordinerer returreisa medan vi er på Vatnahalsen.   

Vilkår: Sjå  generelle vilkår

Mat: Middag fredag og laurdag, frukost med niste laurdag og sundag blir servert på Vatnahalsen. Gi beskjed til turleiarar i god tid om det er mat du ikkje kan ete.

Utstyr: Sjå Turlaget si utstyrsliste for vinterfjellet. Alle deltakarar må ha med sendar/mottakar, søkestong, spade. Dersom du manglar noko av dette, kan du låne av Turlaget. Gi beskjed til turleiar i forkant, om du vil låne skredutstyr. Vi tilrår også at deltakarane har med hjelm. Ein kan nytte toppturski med gåfunksjon, telemarkski eller splitboard. Alle må ha eigne feller. Elles pakker ein for ei helg med varierande ver og lange oppoverbakkar.

Pris: Kr.2510,- for medlemmer, 2810,- for ikkjemedlem. Meld deg inn her om du ikkje er medlem. Prisen inkluderar turleiing,  overnatting og servert mat på Vatnahalsen. Felles sikkerhetsutstyr vert koordinert av turleiarane. Deltakarane må sjølve betale transport til og frå Vatnahalsen, samt evt bilettar på Flåmsbana.

Kart: Turkart ”Rallarvegen 1:50000” eller Norge-serien ”Aurland 1:50000” og ”Hardangerjøkulen 1:50000”. Kart og anna  turutstyr kan ein kjøpe  i turinformasjonen i Marken. Rabattert pris for medlemmar. Har du spørsmål om turen kan du kontakte turleiar Are på 97198746 aremosse@gmail.com

 

Ski og tog på Vatnahalsen

Visste du at Vatnahalsen høgfjellshotell i si tid blei omtala som "Nordens St. Moritz"? Eller at det gamle hotellet i dragestil brann ned til grunnen etter ein fuktig tysk fest ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Are Mossefinn Sandvik
  • Endre Rieber Sommersten