Førjulstur til Demmevass

Fellestur

Fra dato
25. november kl. 08:00
Til dato
26. november
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Skitur, Helgetur, Arrangement, Fjellsport
Arrangører
DNT fjellsport Bergen, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Skarvheimen (se kart)
Turkode
831
Dette arrangementet er over!

Vi tar med oss litt forsmak på julematen og legg turen rundt eller over Hardangerjøkulen til Demmevasshytta. 

Turskildring: Dette er den klassiske førjulsturen til DNT fjellsport Bergen. Turen går frå Finse til Demmevasshytta og tilbake att. Veret avgjer om vi går over eller rundt Hardangerjøkulen, kanskje går me ein veg bort og den andre tilbake. Uansett er dette ein lang og flott skitur i barskt desemberhøgfjell. Skituren tek frå 4 til 8 timar kvar veg, avhengig av ver og føre. Demmevass ligg tett på og med fantastisk utsikt over det største brefallet frå Jøkulen, Rembedalskåka. Det er ei ubetjent hytte med ca 20 sengeplassar. Vel framme finn vi fram godsakene frå sekken og lagar til verdas beste julebord (julematen smakar aldri betre enn etter ein lang skitur!)

Åpnes for påmelding 15.oktober. 


Oppmøtestad: Togstasjonen i Bergen kl 07.45 

Reise: Tog t/r Bergen-Finse. Deltakarane kjøper sjølve billett på førehand.

Tog frå Bergen laurdag 25. November kl 07.57 med ankomst Finse kl 10.16, retur frå finse sundag 26 November kl 16.48 med ankomst Bergen kl 19.19

Vilkår: Sjå generelle vilkår

Mat: Kvar deltakar tek med pinnekjøtt (ferdig kokt!!!) poteter (små til mellomstore) og kålrabi (ferdig kutta i små bitar!!) nok til seg sjølv. (Dette vert putta i fellesgryter ved tillaging.)  Kvar deltakar tek også med seg mat til lunsj laurdag og frokost og lunsj sundag, det er ingen mat på hytta.

NB: For nokre år sidan var det ein deltakar som drista seg til å ta med Fjordland pinnekjøtt. Dette er sjølvsagt heilt uakseptabelt og vil automatisk føre til oppvaskteneste;-) 

Utstyr: Sjå Turlaget si utstyrsliste for vinterfjellet . Husk spesielt fjellski med stålkantar( ikkje langrennski, eller toppturski!) spade, skibriller og hodelykt. 

Pris: Kr 450,- for medlemmar, kr 750,- for ikkje-medlemmar. Meld deg inn her dersom du ikkje er medlem. Prisen inkluderer turleiing og overnatting på Demmevasshytta. Deltakarane betaler reiseutgifter og mat sjølve.

Kart: Turkart Finse ev Norgesserien (M711) Hardangerjøkulen og Myrdal

Kartet og annet turutstyr kan kjøpes i tursenteret i Marken. Rabattert pris for medlemmer.

Turleiar: Stig Anton Hordvik og Petter Bjørstad

Alle påmeldte vil bli kontakta av turleder i god tid før turen.

Spørsmål? Ta kontakt med administrasjonen ved spørsmål om påmelding på epost silje.valla@dnt.no eller tlf. 55 33 58 21

Medlemskap i DNT
På denne turen er det tillegg i prisen for de som ikke er medlemmer. Vi oppfordrer likevel alle til å melde seg inn og støtte vårt arbeid med å få flere ut på tur.
Bli medlem i DNT!

Førjulstur til Demmevass

Vi tar med oss litt forsmak på julematen og legg turen rundt eller over Hardangerjøkulen til Demmevasshytta.  Turskildring: Dette er den klassiske førjulsturen til DNT fjellsport Bergen. Turen går frå ...

Kontaktinformasjon: